Auksjon

Engelen gjekk for 27.000


Ein liten videosnutt frå laurdagens auksjon. (Dobbelklikk på bilete for å starta videoen)

26 juni – 9 juli, 2011 i Os, Noreg

Os Internasjonale Skulptursymposium 2011

Nokre dager etter Jonsok i 2011 var elleve kunstnare frå heile verda saman i Vognhallen på Os. Dette var det sjuande internasjonale skulptursymposiet. Osingar og tilreisande fekk oppleva fjorten dagar med skulptur som tok form i marmor og granittblokker på Osøyro ved Bjørnefjorden.

Tidlegar symposier var i 1999, 2001, 2003, 2005, 2007 og 2009

Det var også denne gongen, ved siden av symposiet, halde eit skulptørkurs for amatørar.

Årets kunstnarar:

Knut Hetleflåt, Norgeprev35
Knut Bryn, Norge
Karen van Ommeren, Nederland
Simona Bocchi, Italia
Fabio Rebora, Italia
Simonetta Baldini, Italia
Tony Cassanelli, Italia
Boutros Romhein, Syria/Italia
Marina Bors, Romania
Petre Virgiliu Mogosanu, Romania
Eric Malou, Togo

Klikk på namna for å få meir info.

Auksjon

[singlepic id=130 w=320 h=500 float=left]By på ein engel

No kan du skaffa deg din eigen engel. Årets symposium held auksjon på ein av Butros Romhein sine marmorenglar, og bodrunden er open for alle.

Auksjonsengelen vart laga for nokre år tilbake, og er å rekna som mor til skytsengelen som Romhein nyleg laga til Oseana. Den delikate engleskapningen ruvar ikkje, men er venleg og stillferdig til stades i rommet.

Utropspris for arbeidet er kroner 20 000. Auksjonen er open fram til klokka 12:00 laurdag 9. juli.

Gje forpliktande bod til arnemae@online.no eller på mobil 907 92575 eller til gesi@online.no/mobil: 905 21 714.

Alle bod vert behandla konfidensielt. Vi oppdaterer heimesida vår kvar dag med sist  innkomne bod.

Stemningsrapport frå årets symposium

Husk loddtrekning og auksjon laurdag 9.juli

[slideshow id=3]

Du har framleis nokre dagar att før årets symposium er over. Her ser du nokre bilete frå årets steinhoggarsamling. Fotograf er Åsmund Lien.