26.juni 2017 er det igjen klart for symposiet på Os
Annakvart år, sidan 1999 har Os kulturutvikling skipa til Os internasjonale skulptursymposium, bortsett frå i 2015 då symposiet vart erstatta med ein skulpturutstilling. I 2017 kjem vi sterkt tilbake med nytt steinhoggarsymposium, denne gong og i nytt hus. Dei siste ti åra har symposiet halde hus i Vognhallen i Os sentrum, i vinter og vår, har ivrige ildsjeler i Os kulturutvikling og andre støttespelare, jobba dugnad for å få ferdig «Huset i huset». Vognhallen har no fått utstillingsrom og fasilitetar som kjøkken, wc og lager. Symposiet varer frå 26.juni til 8.juli.
Liste over kunstnarane som kjem til Os 2017
(klikk på namnet for å lesa meir om kvar enkelt):
Andrea Berni (Italia)
Isao Sugiyama (Japan)
Marton Varo (Ungarn/ USA)
Boutros Romhein (Syria)
Corrado Marchese (Italia)
Irene Giannaccini (Italia)
Karin Van Ommeren (Holland)
Silvio Corsini (Italia)
Naguib Moein (Egypt)
Knut Bryn (Norge)